Booking
Bord, selskap og catering i same bok.
- Gjestene bookar bord sjølve på nettsida di
- Selskap og catering med meny, tilbod og depositum
- Stadfesting og påminning går ut av seg sjølv
- Bordplan, venteliste og gjestebok



Gjestene bookar bord sjølve, dei tilsette finn vaktene på mobilen, og kjøkkenet fører sjekklistene. Det kostar 1 200 kr i månaden per stad.
Booking, vaktplan og internkontroll er kjernen. Resten er med i prisen og deler same data.
Bord, selskap og catering i same bok.
Vaktene etter venta sal.
Klar når tilsynet kjem.
Same skjermbilete du møter når du loggar inn.

Om lag 3 300 til 4 100 kr i månaden for ein restaurant med tolv tilsette.
Éi innlogging og dei same tilsette, gjestene og tala overalt. Vaktplanen ser bookingane, og salstala viser kva vaktene kostar.
Hospo er grundig testa på restauranten Mandelhuset på Tysnes, gjennom heile året og ein travel sommarsesong.
Prisen følgjer talet på stader. Fleire tilsette og fleire bookingar kostar ingenting ekstra, og alt i restaurantpakka er med.
Booking, vaktplan og internkontroll, med gjesteregister og salstal.
Alle prisar eks. mva.
2 månader gratis. Du registrerer kort ved start. Første trekk kjem etter prøvetida. Seier du opp før det, betaler du ingenting.
Billettsal og depositum på nett har eit gebyr på 5 kr + 3 % per kjøp, som kjøparen betaler. Elles er det ingen skjulte kostnader.
Tre steg, så er du i drift. Utan IT-prosjekt.
Skriv inn organisasjonsnummeret, så hentar me namn og adresse frå Brønnøysund.
Booking, vaktplan og internkontroll er slått på frå start. Legg inn borda og dei tilsette, så er du klar.
Du får ditt eige subdomene (dittnamn.hospo.no). Dei tilsette får ei lenkje på e-post, ingen passord å dele.
Namnet er sett saman av «hospitality» og «portal»: vertskap og dagleg drift.
Hospo er laga av Patrick i 2025 og 2026, først for restauranten Mandelhuset. Han har lang erfaring frå restaurantbransjen, styreverv i lag og organisasjonar og stor interesse for IT. Systemet vart til i ein travel restaurant og er prøvd på dei travlaste kveldane. Bygd og drive av Madsen Eventyr og Data på Tysnes.
Ei øy med lag, verksemder og restaurantar som alle treng orden i kvardagen.
Har du org.nr, er du i gang med ein gong. 2 månader gratis, ingen binding. Elles legg du att kontaktinfo, så set me deg opp.