Vilkår & personvern
Sist oppdatert: 3. oktober 2026 · Hospo er levert av Madsen Eventyr og Data, org.nr. 937 722 141.
1. Vilkår for bruk
1.1 Om tenesta
Hospo er ei programvareteneste («SaaS») for restaurantar, barar, lag og organisasjonar, levert av Madsen Eventyr og Data (org.nr. 937 722 141). Ved å opprette konto godtek du desse vilkåra.
1.2 Prøveperiode
Nye organisasjonar får ein gratis prøveperiode på 2 månader. Du registrerer eit betalingskort ved oppstart, men første trekk skjer først når prøveperioden er over. Du kan seie opp når som helst før prøveperioden går ut utan å betale noko.
1.3 Abonnement og betaling
Etter prøveperioden krev tilgang eit aktivt abonnement. Pris og betalingsintervall (månadleg eller årleg) går fram ved bestilling og avheng av kva slag verksemd du driv (t.d. lag/frivillig, bedrift eller restaurant). Abonnementet fornyar seg automatisk til det blir sagt opp.
1.4 Transaksjonsgebyr for betalingstenester
Enkelte modular formidlar betaling frå kundane dine, til dømes sal av gåvekort og billettar. For desse tenestene tek Hospo eit transaksjonsgebyr ved betaling gjennom Stripe. Standardsatsen er 5 kr + 3 % per transaksjon. Gebyret blir lagt på toppen av prisen du sjølv set, blir vist for kjøparen før betaling, og blir trekt automatisk i oppgjeret. Gjeldande sats for din organisasjon går fram i dashbordet og kan avtalast særskilt. I tillegg kjem betalingsleverandøren (Stripe/Vipps) sine eigne gebyr etter deira prisliste. Ved refusjon blir òg Hospo-gebyret refundert til kjøparen.
SMS-utsending er inkludert med ein månadleg kvote (standard 200 SMS per månad). Forbruk utover kvoten blir etterfakturert etter gjeldande sats, som går fram i dashbordet.
1.5 Oppseiing og sletting
Du seier opp under Abonnement i dashbordet. Berre brukarar med rolla Eigar kan seie opp.
Avtalen varer ut perioden du har betalt for. Betalt periode blir ikkje refundert. I prøveperioden blir avtalen avslutta same dag som du seier opp. Fram til siste dag verkar alt som før, og du kan angre.
Dagen etter siste dag er Hospo sperra. Nettsida, bookinga og dei andre sidene gjester og medlemer brukar, blir stengde. Berre eigaren kan logge inn, og berre for å laste ned data.
30 dagar etter sperringa slettar me alle data og filer for godt. Eigaren får e-post når sperringa startar, og 14 og 3 dagar før slettinga. Etter slettinga har me ingen kopi, utanom sikkerheitskopiar som blir skifta ut etter ei avgrensa tid.
Me kan òg setje i gang slettinga når avtalen er avslutta på annan måte, til dømes skriftleg. Då er Hospo sperra med ein gong, og alt blir sletta etter 7 dagar. Eigaren får e-post med ein gong og 3 dagar før. Fram til då kan me stoppe slettinga.
Eigar og administrator kan laste ned alle data når som helst, under Innstillingar og på abonnementssida. Du får ei ZIP-fil med tabellane og filene.
1.6 Ditt innhald og dine data
Du eig alle data du legg inn (medlemmer, vakter, bookingar osv.). Madsen Eventyr og Data gjer ikkje krav på eigarskap, og brukar ikkje dataa dine til noko anna enn å levere tenesta. Du er sjølv ansvarleg for at innhaldet er lovleg og at du har rett til å handsame opplysningane.
1.7 Tilgjenge og support
Me tek sikte på høg oppetid, men kan ikkje garantere uavbroten drift. Planlagt vedlikehald blir varsla når det er mogleg. Support får du på post@hospo.no.
1.8 Ansvar
Tenesta blir levert «som ho er». Madsen Eventyr og Data er ikkje ansvarleg for indirekte tap, tapt forteneste eller tap av data utover det som følgjer av ufråvikeleg lov. Samla ansvar er avgrensa til det du har betalt for tenesta dei siste 12 månadene.
1.9 Endringar
Me kan oppdatere vilkåra. Vesentlege endringar blir varsla på e-post eller i tenesta. Nyaste versjon ligg alltid her.
1.10 Refusjon og tvistar ved kortbetaling
Kortbetalingar frå kundane dine går til Stripe-kontoen din. Du har ansvaret for å refundere kundane dine når dei har krav på det.
Ein kjøpar kan bestride ei kortbetaling i banken sin. Då trekkjer Stripe beløpet og tvistgebyret frå Hospo. Me hentar beløpet du fekk, attende frå Stripe-kontoen din. Har kontoen for lite, går han i minus. Stripe kan då trekkje minuset frå bankkontoen din. Vinn du tvisten, får du pengane tilbake.
Det me ikkje får dekt slik, til dømes tvistgebyret, kan me trekkje frå seinare utbetalingar eller fakturere deg for.
2. Personvern
2.1 Roller
For data du legg inn om dine medlemmer, tilsette eller kundar er du (verksemda di) behandlingsansvarleg, og Madsen Eventyr og Data er databehandlar. Me handsamar desse opplysningane berre etter instruks frå deg, regulert i ein databehandlaravtale du godtek ved oppstart.
For din eigen konto- og kontaktinformasjon (administrator, kontaktpersonar, interessentar som melder seg via hospo.no) er Madsen Eventyr og Data behandlingsansvarleg.
2.2 Kva me handsamar
Kontodata: namn, e-post, telefon, rolle og organisasjonsinformasjon (org.nr. frå Brønnøysund). Bruksdata: innlogging og teknisk logg for tryggleik og drift. Innhaldsdata: det du sjølv legg inn i modulane. Me handsamar ikkje fødselsnummer eller sensitive opplysningar utan eige rettsleg grunnlag.
2.3 Underdatabehandlarar
Me brukar desse leverandørane for å levere tenesta. Nokre er berre i bruk dersom du tek i bruk den aktuelle funksjonen (markert «valfri»).
- Supabase: database og innlogging (EU-region)
- Vercel: drift av nettenesta
- Resend: utsending av e-post
- Vipps MobilePay (Noreg) / Stripe: betaling
- Sveve (Noreg): SMS (valfri)
- Anthropic «Claude» (USA): AI-utkast av tekst og AI-analyse (valfri)
- Railway: PDF-konvertering av dokument (valfri)
- Meta: publisering i sosiale medium (valfri)
Databaselagring og hosting skjer innan EU/EØS. AI-funksjonane frå Anthropic sender tekst til USA. Dei er valfrie, og du kan slå dei av. Overføring til USA skjer på gyldig grunnlag (EU–US Data Privacy Framework og/eller EUs standardpersonvernføresegner). Me har, eller innhentar, databehandlaravtale med kvar leverandør, og du får alltid varsel før me legg til eller byter ein underdatabehandlar. Då kan du protestere. Full liste med dataregion og overføringsgrunnlag står i databehandlaravtalen.
2.4 Lagringstid
Kontodata og innhaldsdata blir lagra så lenge du har ein avtale med oss. Når avtalen er avslutta, blir alt sletta slik 1.5 seier. Innhaldsdata kan du sjølv slette eller laste ned når som helst.
Bokføringspliktige opplysningar om vårt eige sal til deg, som fakturaer, tek me vare på i 5 år etter bokføringslova.
Slettelogg. Når ei verksemd er sletta, tek me vare på ein kort slettelogg. Han har namnet, nettadressa og organisasjonsnummeret til verksemda. Han har datoane for oppseiing og sletting og kor mange rader og filer som vart sletta. Han viser òg kven hos oss som sette i gang slettinga. Han har ingen opplysningar om tilsette, medlemer eller gjester, og ikkje noko av innhaldet. Sletteloggen dokumenterer at slettinga er gjort. Me tek vare på han i 5 år etter slettinga. Deretter blir han sletta.
2.5 Rettane dine
Du har rett til innsyn, retting, sletting, avgrensing, dataportabilitet og å protestere. Gjeld det opplysningar ei verksemd har lagt inn om deg, kontakt verksemda (behandlingsansvarleg). Elles kontakt oss på post@hospo.no. Me svarar normalt innan 30 dagar.
2.6 Informasjonskapslar
Me brukar berre nødvendige informasjonskapslar for innlogging og økt. Ingen sporings- eller marknadsføringskapslar.
For å forbetre tenesta loggar me kva sider og funksjonar som blir brukte i manageren (bruksstatistikk). Loggen ligg på vår eigen tenar, utan tredjepartsverktøy. Statistikken inneheld ikkje innhaldet i data. Vanlege tilsette og medlemer blir ikkje identifiserte. For eigar-, administrator- og leiarkontoar kan me sjå kven som har brukt ein funksjon. Då kan me ta kontakt om noko ser ut til å stoppe opp. Statistikken blir sletta etter 13 månader. Sjå databehandlaravtalen punkt 3.5.
På gjestesidene verksemdene driv i Hospo, tel me besøk for verksemda. Det gjeld nettside, arrangement, booking, gåvekort og utleige. Teljinga brukar ingen informasjonskapslar. Me tel sidevisingar, kva side, kva domene gjesten kom frå og eventuelle utm-kodar i lenkja. Kvar gjest blir talt éin gong per dag. Me reknar då ein kode av IP-adresse og nettlesar med eit hemmeleg salt som skiftar kvar dag. IP-adressa blir ikkje lagra. Koden kan ikkje reknast tilbake eller brukast til å følgje nokon over fleire dagar. Ingenting blir lagra på eininga til gjesten, og ingen tredjepart får data. Nettlesarar med «Ikkje spor meg» eller Global Privacy Control blir ikkje talde. Tala blir sletta etter 13 månader. Sjå databehandlaravtalen punkt 3.6.
2.7 Bordbestilling gjennom AI-agentar
Ein gjest kan be ein AI-assistent, til dømes Claude eller ChatGPT, om å bestille bord hos ei verksemd som brukar Hospo. Assistenten snakkar då med Hospo-koplinga på https://hospo.no/api/v1/mcp eller med det opne API-et. Koplinga krev ingen konto og ingen innlogging.
Kva me får. Når assistenten søkjer etter stader eller spør om det er ledig, får me berre søkjeord, dato, klokkeslett og tal gjester. Når han bestiller, får me namnet og e-postadressa til gjesten, og telefonnummer og ei melding til verksemda om gjesten vil gje det. Meldinga kan nemne allergiar. Me ber ikkje om helseopplysningar, og gjesten vel sjølv kva han skriv. Me får aldri samtalen mellom gjesten og assistenten.
Kva me brukar det til. Berre til å leggje inn bestillinga hos verksemda gjesten valde, og til å sende gjesten ein e-post med ei lenkje. Bestillinga gjeld ikkje før gjesten sjølv har trykt på lenkja. Trykkjer han ikkje innan fristen, blir bordet frigjeve, og bestillinga står som avlyst hos verksemda. Me sender aldri SMS til eit nummer før gjesten har stadfesta. Opplysningane blir ikkje selde, ikkje brukte til reklame og ikkje brukte til å trene AI-modellar.
Kven som har ansvaret. Verksemda er behandlingsansvarleg for bestillinga, akkurat som for ei bestilling frå nettsida, og Madsen Eventyr og Data er databehandlar. Verksemda avgjer kor lenge bestillinga blir lagra. Gjesten kan be om innsyn eller sletting hos verksemda, eller hos oss på post@hospo.no.
Teknisk spor. For kvart kall til bestillingsvegen lagrar me tidspunkt, kva stad det galdt, utfallet og kva program som kalla (User-Agent og eventuell signatur frå agenten). Sporet har verken namn, e-post, telefon, melding eller IP-adresse. Sporet blir sletta etter 13 månader. For å stoppe misbruk tel me kall per IP-adresse og per e-postadresse. E-postadressa blir der berre lagra som ein kode som ikkje kan reknast tilbake. Teljarane blir sletta etter to døgn.
In English. The Hospo connector (https://hospo.no/api/v1/mcp) lets an AI assistant book a restaurant table on behalf of a guest. It requires no account. Searching and checking availability send us only search words, date, time and party size. Booking sends us the guest's name and email address, and optionally a phone number and a message to the venue. The message may mention allergies. We never ask for health data, and we never receive the conversation between the guest and the assistant. The data is used only to place the booking with the venue the guest chose and to email the guest a confirmation link. The booking is not valid until the guest clicks that link. If the guest does not, the table is released. We send no SMS before the guest has confirmed. The data is never sold, used for advertising or used to train AI models. The venue is the data controller and decides how long the booking is kept. Madsen Eventyr og Data is the data processor. For each call we keep a technical log with time, venue, outcome and the calling program's User-Agent. It contains no name, email, phone number, message or IP address, and it is deleted after 13 months. Rate limiting counts calls per IP address and per hashed email address. These counters are deleted after two days. Data is stored in the EU/EEA. To ask for access or deletion, contact the venue or post@hospo.no.
2.8 Tryggleik
Me nyttar tilgangskontroll, kryptering og rad-nivå-sikring (RLS) slik at kvar verksemd berre når sine eigne data. Betalingsdata blir handsama av Stripe/Vipps og er ikkje lagra hos oss.
2.9 Klage
Du kan klage til Datatilsynet (datatilsynet.no), men me set pris på at du tek kontakt med oss først.
Kontakt
Madsen Eventyr og Data · org.nr. 937 722 141 · Tysnes
post@hospo.no